Skrivekonkurranse om stemmerett

http://framtida.origo.no/-/bulletin/show/800103_velkommen-til-skrivekonkurranse-om-stemmeretten
22.07.2013 - 25.08.2013
10.00
Skriv om kva du meiner stemmeretten bør brukast til! Framtida.no, Magasinett og Nasjonalt Garborgsenter inviterer til skrivekonkurranse for ungdom. Me premierer førsteplassen med 5000 kroner, 2. plass med 3000 kroner og 3. plass med 2000 kroner. Alle som er med i skrivekonkurransen kan bli trekt ut som vinnarar av bokpremiar. Representantar frå Framtida.no, Magasinett og Nasjonalt Garborgsenter vil sitja i juryen. Kåringa vil finna stad på ein debatt på Nasjonalt Garborgsenter 3. september. Tips til kva du kan skrive om: - kvifor er det viktig å bruka stemmeretten? - bør 16-åringar ha stemmerett? - får du makt gjennom å nytte stemmeretten? - korleis kan ein påverke gjennom ungdomsråd eller medlemsskap i parti og organisasjonar? - kva med dei som ikkje blir høyrde? - korleis skal ein ta vare på interessene til dei som enno ikkje er fødd? - korleis har du makt over eige liv? - er ungdom mindre eller meir engasjert enn andre aldersgrupper? - kva for likestillingssak vil du at me skal feire om 100 år? … eller noko du sjølv kjem på, så lenge det går inn under temaet “stemmerett” Sjanger: Artikkel, lesarbrev, kronikk, kåseri eller petit Lengde: Maks 3500 teikn (inkl. mellomrom), men gjerne kortare! Premie: 1. plass: 5000 kroner, 2. plass med 3000 kroner og 3. plass med 2000 kroner. Alle som er med i skrivekonkurransen kan bli trekt ut som vinnarar av bokpremiar. Aldersgrense: under 22 år Innleveringsfrist: 25. august 2013 Teksten din kan du sende inn her på Framtida.origo.no!

Arrangør: Framtida.no, Magasinett.no og Nasjonalt Garborgsenter

Adresse: http://framtida.origo.no/-/bulletin/show/800103_velkommen-til-skrivekonkurranse-om-stemmeretten

Hjemmeside: http://framtida.origo.no/-/bulletin/show/800103_velkommen-til-skrivekonkurranse-om-stemmeretten

Kontaktperson: Svein Olav Langåker

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet,  Akersgata 59, Postboks 8036 Dep, 0030 Oslo   |   Tlf: 22 24 90 90, Faks: 22 24 95 15 

E-post: stemmerettsjubileet@bld.dep.no  |  Nettredaktør: Linda Sørfjord |  Ansvarlig redaktør: Maria Brit Espinoza

Kontaktpersoner Stemmerettsjubileet: Kurt Ole Linn, kol@bld.dep.no, 22 24 24 70 

© Copyright 2017 Stemmerettsjubileet 1913 - 2013.