Gina Krog (1847-1916)

Gina (Jørgine Anna) Krog vart fødd i 1847 i Flakstad, Lofoten. Far hennar hadde vore sokneprest der, men han døydde nokre månader før Gina kom til verda. Som skikken var, tok mora med seg dei tre barna til mannen sin familie, og Gina voks opp på Karmøy. Men då Gina var åtte år, flytta dei til Kristiania, fordi mora ville at barna skulle få høveleg skolegang.

 

Dansar helst aleine

Gina gjekk på Fru Autenrieths Pikeskole. Ho fekk ikkje formell utdanning utover dette, men jobba som lærarinne i fleire år som vaksen, og studerte på eigen hand. Ho gifte seg aldri, men styrde ei tid huset for broren Fredrik. I eit intervju frå 1912 deler ho livet sitt inn i «min baltid», «min husmor- og lærerindetid» og «kamptiden».

Som det høvde seg for unge kvinner frå borgarskapet, hadde også Gina Krog ein periode kor ho gjekk på ball. Målet med desse tilstellingane var nok for dei fleste å skaffe seg ein mann. Men Gina Krog fortel at ho gjerne dansa, men «helst solo», heime i sitt eige rom.

Om kamptida var ein avgrensa periode i livet hennar, tyder ikkje det at kvinnesak var noko ho oppdaga seint i livet. Ho mente heilt frå ho var ung at synet på kvinner var «fuldt af løgn». «(O)g det saaret og oprørte mig fra første stund». Medan mange av dei andre kvinnesakskvinnene i tida vart vekka til saka då dei leste John Stuart Mill si bok «The Subjection of Women» frå 1869 (dansk utgåve same år), meinte Gina Krog seg fødd som kvinnesakskvinne.

 

Kamptida

Frå ho var 33 år, var Gina Krog opptatt med kvinnesaka på fulltid. Broren Fredrik forsørgde henne så ho kunne slutte som lærarinne og reise til Storbritannia for å gjere seg kjend med den engelske organisasjonen for stemmerett, og han fortsette å forsørgje henne så lenge ho levde. Fredrik Krog var også gift med ei kvinnesakskvinne, Gina Krog si venninne og den første kvinnelege studenten i Noreg, Cecilie Thoresen.

Gina Krog begynte å skrive artiklar i avisene, først anonymt, seinare under merket G --g. Ho var også ei av dei to kvinnene som talde første gong kvinner var med i eit offentleg ordskifte. Det gjekk føre seg i Studentersamfunnet hausten 1884, då tre kveldar var via kvinnesak.

Gina Krog var med og starta opp heile fire kvinneorganisasjonar: Norsk Kvinnesaksforening (1884), Kvinnestemmerettsforeningen (1885), Landskvinnestemmerettsforeningen (1898) og Norske Kvinners Nasjonalråd (1904).

Gina Krog var også aktiv internasjonalt. Ho samarbeidde med International Council of Women, som Norske Kvinners Nasjonalråd var medlem av. Ho var også den norske regjeringa sin representant på to store internasjonale konferansar om stemmerett, i Amsterdam 1908 og Budapest 1913.

Gina Krog hadde også ei svært sentral rolle i kampen om stemmeretten ved at ho satt som redaktør for bladet Nylænde frå det ble lansert som bladet til Kvinnesaksforeininga i 1887. Ho kravde frå starten av full redaksjonell fridom. Delar av styret ønskte eit redaksjonsråd, men Krog vann denne tautrekkinga. Det kom raskt kritikk om at ho sensurerte innlegg, og ho vart fleire gonger forsøkt kasta frå stillinga. Då styret i 1893 bestemde å legge ned Nylænde av økonomiske omsyn, tok tok Krog over som eineutgivar for tidsskriftet, og beheldt det så lenge ho levde.

Etter eit langt liv i kamp kunne ho endeleg stemme ved stortingsval i 1913. Då var ho var 62 år gamal. Men kampen for kvinners plass i politikken måtte halde fram. «Naar 1914 kommer, vil man ikke finde flere kvinder der inde [i Stortinget] med ret til at ’røste i helligdommen’, end man fandt i rigsforsamlingen paa Eidsvold i 1814», skreiv ho i Nylænde litt seinare på året.

Sjølv la ikkje Gina Krog ned kampen før ho døydde, berre 69 år gamal.

Gina Krog gjekk også føre på andre områder enn politikken. Ho var ei av dei første kvinnene som begynte å gå i Jotunheimen, og vart kjend som «tindebestiger». Ho var også elles glad i friluftsliv, og gjekk gjerne på skøyter og ski.

Gina Krog var den første kvinna som vart gravlagt på staten si rekning. Ei rekke statsmenn var til stades. Bergljot Ibsen, dotter til Bjørnstjerne Bjørnson, song, og kvinnelege akademikarar sto æresvakt.

Kjelder og lesetips

 

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet,  Akersgata 59, Postboks 8036 Dep, 0030 Oslo   |   Tlf: 22 24 90 90, Faks: 22 24 95 15 

E-post: stemmerettsjubileet@bld.dep.no  |  Nettredaktør: Linda Sørfjord |  Ansvarlig redaktør: Maria Brit Espinoza

Kontaktpersoner Stemmerettsjubileet: Kurt Ole Linn, kol@bld.dep.no, 22 24 24 70 

© Copyright 2017 Stemmerettsjubileet 1913 - 2013.