Røysterett for menn: 1814-1898

Historia om den norske røysteretten går tilbake til 1814. Før dette var Noreg underlagt Danmark. Monarken var "Konge av Guds nåde". Styresettet var eineveldig, og det var kongen som i prinsippet bestemte lover og politikk. I 1814 gjekk den dansk-norske staten i oppløysing etter nesten 400 år, og 17. mai dette året samla valte representantar seg på Eidsvoll for å vedta ei ny grunnlov for staten Noreg. Den nye grunnlova la prinsippet om folkesuverenitet til grunn, det vil seie at statsstyret skal gå ut frå ei folkevalt forsamling. Den franske grunnlova frå 1791 og den amerikanske sjølvstendeerklæringa frå 1776 og konstitusjonen frå 1787 var viktige inspirasjonskjelder, og grunnlova vart svært demokratisk samanlikna med dei fleste forfatningane i samtida.
 

Røysteretten vart knytt til skatt, kjønn og alder. Argumentet var at ein måtte vera uavhengig av andre og aktiv borgar som bidrog til staten. Dei som fekk røysterett, var menn over 25 år, som eigde eller leigde matrikulret, dvs. skattepliktig, gard, som var eller hadde vore embetsmenn, samt borgarar eller eigarar av bygard eller grunn til ein verdi av minst 600 kroner. Grunnlova ga røysterett til om lag 6–7 prosent av heile befolkninga, eller 40% av alle menn over 25 år.

Kvinner var utelukka frå røysteretten fordi dei var kvinner. Andre som var unnatekne røysterett, var til dømes folk som var tiltalt for brotsverk, hadde gått konkurs eller var umyndiggjort.

Det skulle ta mange år før fleire grupper fekk røysterett. Fram til og med valet i 1891 var den delen av befolkninga med røysterett på same nivå eller lågare enn i 1815, med eit lågmål på 1870-talet då berre 4,6 prosent av befolkninga hadde høve til å ta del i stortingsvala. Årsaka til dette var at talet på personar som fylte krava til røysterett, ikkje voks like mye som befolkninga under eitt.

Folkelege krav om auka rettar vart reist med den fyrste arbeidarrørsla i Noreg rundt 1850, under leiing av Marcus Thrane, og så igjen med auka styrke frå slutten av 1860-talet og frametter. Reglane for røysterett vart endra fleire gonger, slik at røysteretten omfatta fleire. I 1884 fekk alle menn som betalte ein viss minsteskatt, røysterett. I 1898 fekk alle vaksne menn røysterett. Framleis hadde ingen kvinner røysterett, verken ved kommune- eller stortingsval.  

Kjelder og lesetips

 

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet,  Akersgata 59, Postboks 8036 Dep, 0030 Oslo   |   Tlf: 22 24 90 90, Faks: 22 24 95 15 

E-post: stemmerettsjubileet@bld.dep.no  |  Nettredaktør: Linda Sørfjord |  Ansvarlig redaktør: Maria Brit Espinoza

Kontaktpersoner Stemmerettsjubileet: Kurt Ole Linn, kol@bld.dep.no, 22 24 24 70 

© Copyright 2017 Stemmerettsjubileet 1913 - 2013.