Røysterett for kvinner: 1885-1913

I siste halvdel av 1800-talet byrja fleire og fleire å setje spørjeteikn ved grunngjevinga for å nekte kvinner røysterett. I 1884 vart Norsk Kvindesagsforening, den fyrste kvinneorganisasjonen i Noreg, skipa. Året etter vart Kvindestemmeretsforeningen (KSF) stifta under leiing av Gina Krog, ein av pionerane i norsk kvinnerørsle og i kampen for kvinnene sin røysterett.
 
Då alle menn fekk full røysterett i 1898, vart krava frå kvinnene stadig sterkare. Mange såg det som djupt urettferdig at alle menn, men ingen kvinner, fekk røysterett. Stortingsrepresentant Prahl meinte at kvinnene ”er udelukket fra at være Stemmeberettigede den Dag i dag, ene og alene fordi Samfundet, Staten, har været dannet og bygget alene av Mænd.”[1]
 
I 1901 fekk kvinner for første gong ta del i eit politisk val. Da fekk kvinner som betalte skatt over ein viss sum røysterett ved kommuneval. Det same fekk kvinner som var gift med ein mann som betalte slik skatt. Dette gjaldt for kommunevala i 1901, 1904 og 1907.
 
Sjølv etter at alle menn fekk røysterett, ønskte stortingsfleirtalet ei stegvis utviding av røysteretten for kvinner. Då Stortinget i 1910 og 1911 diskuterte full stemmerett ved stortingsval, vart det argumentert med at ein først måtte sjå erfaringane frå den avgrensa røysteretten. I debatten vart det vist til at også menn hadde fått ei stegvis utviding av røysteretten
 
Samtidig argumenterte forkjemparane for kvinners røysterett med at argumenta mot mannleg røysterett hadde synt seg ugyldige, og at ein dermed ikkje kunne bruke dei same argumenta mot kvinneleg røysterett. Stortingsmann Magnus Nilssen sa: ”Vi maa endelig komme bort fra dette, at dele voksne, tænkende mennesker efter klasse, stand, stilling og kjøn her i landet.”[2]
 
I 1907 vart kvinneleg røysterett ved stortingsval innført etter dei same reglane som for kommuneval, slik at kvinner hadde avgrensa røysterett ved stortingsvala i 1909 og 1912. Sjølv om alle menn nå hadde hatt røysterett i om lag eit tiår, var det framleis ikkje eit grunnlovsmessig fleirtal for full kvinneleg røysterett. Prinsippet om stegvis utviding sto fast. I ei Stortingsinnstilling frå 1910 står det at den ”opfatning, at veien til statsborgerlig stemmerett for kvinder bør gå gjennem erhvervelse av kommunal stemmerett, synes […] at vinde tilslutning fra flere hold.”
 
I 1910 vart allmenn røysterett ved kommuneval innført. Denne kunne nyttast frå og med kommunevalet same år. Tre år etter, i 1913, vart endeleg allmenn røysterett ved stortingsval innført, samrøystes og utan debatt. Kvinner fekk dermed rett til å røyste frå og med stortingsvalet i 1915.
 
Les også om røysterett for kvinner på Stortinget.no.
 

 

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet,  Akersgata 59, Postboks 8036 Dep, 0030 Oslo   |   Tlf: 22 24 90 90, Faks: 22 24 95 15 

E-post: stemmerettsjubileet@bld.dep.no  |  Nettredaktør: Linda Sørfjord |  Ansvarlig redaktør: Maria Brit Espinoza

Kontaktpersoner Stemmerettsjubileet: Kurt Ole Linn, kol@bld.dep.no, 22 24 24 70 

© Copyright 2017 Stemmerettsjubileet 1913 - 2013.